Vedtekter for Feisteins venner

 § 1. Vennelaget sitt føremål er å fremja interessa for og ivareta Feistein fyr, og vera med å leggja til rette for fritidsaktivitetar o.a. av almen interesse.

§ 2. Alle som støtter arbeidet for laget sitt føremål kan værta medlemer. Medlemskap kan gjelde enkeltpersoner, familiar, organisasjonar/institusjonar og bedrifter.  Familier betaler 150 % medlemskontingent, organisasjonar betaler femdobbelt medlemsavgift og bedrifter betaler 10-dobbelt medlemsavgift. Kvart medlemskap gjev ein stemme i årsmøte, sjølv om ein betalar ein høgare pris. For å ha verv i foreningen må man være medlem, og for å være medlem må man ha betalt medlemskap.

§ 3. Laget vert leia av eit styre på 5 medlemer. Fire medlemmer vert valde av årsmøte. Kultursjefen i Klepp peikar ut ein medlem til styret.

§ 4. Årsmøte vel formann for eit år. Årsmøte vel vekselvis 2 og 1 medlem til styret for ein to-års periode. Det velges 2 varamedlemer for 2 år, vekselvis kvart andre år.

§ 5. Styret kan fatta vedtak når minst tre medlemer er til stades. Styret vel sjølv sekretær og kasserar.

§6.  Årsmøte vert halde innan utgangen av mars månad. Det vert innkalla med minst 14 dagars varsel. Forslag til årsmøte må vera komen til styret ei veke i førevegen.

Årsmøte skal behandla:

  1. Årsmelding
  2. Rekneskap og revisjonsuttale
  3. Val av         -leiar for 1 år

                                   -to eller eit styremedlem for 2 år.

                                   -ein varamedlem til styret for 2 år.

  1. Val av revisor
  2. Val av valnemnd. (Styret kan vera valnemnd).
  3. Fastsetjing av medlemskontingent
  4. Budsjett
  5. Handsaming av innsende forslag


§7.  Årsmøte avgjer alle saker med vanlig fleirtal. Unnateke er endring av vedtektene. Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal. Leiaren si stemme vil avgjere ved stemmelikska


§8.  Eventuell oppløysing av laget skjer i årsmøte og krev ¾ fleirtal av dei frammøtte. Alt av lagets verktøy og utstyr på Feistein vert værande der til Feisteins beste. Laget sin kapital og andre eignedeler skal gis til ideelle foreiningar som arbeider for å fremja kystkultur og fyrhistorie. Ingen medlemmer har krav på Vennelagets midler eller andel av disse.


Del denne siden